ºÚÁϳԹÏÍø

English version of this page

Fritt samansett bachelorgrad

Ønsker du ein annan fagkombinasjon enn du fÃ¥r i dei ordinære bachelorprogramma pÃ¥ ºÚÁϳԹÏÍø? I mange høve kan du sette saman ein bachelorgrad sjølv.

Kva er ein fritt samansett bachelorgrad?

Dei fleste bachelorstudentane går på på eit treårig studieprogram, eit samanhengande og fagleg integrert studieløp. Studieprogrammet er sett saman slik at dei ulike delane av programmet bygger opp under og utfyller kvarandre.

Ein fritt samansett bachelorgrad kan du sette saman sjølv, innanfor nokre felles rammer. Graden må være på minst 180 studiepoeng og skal innehalde følgande:

  • Ei fagleg fordjuping pÃ¥ minst 80 studiepoeng
  • Ei støttegruppe pÃ¥ minst 40 studiepoeng
  • Examen philosophicum og eventuelt examen facultatum
  • Fritt valde emne

BÃ¥de den faglege fordjupinga og støttegruppa er emnegrupper. NÃ¥r du set saman desse, skal du ta utgangspunkt i ºÚÁϳԹÏÍø sine definerte emnegrupper. Ei emnegruppe er ein kombinasjon av emne som utgjer ei fagleg eining, kvalitetssikra av dei vitskapleg tilsette innanfor eit fagmiljø.

Ein fritt samansett bachelorgrad får namn etter den faglege fordjupinga i graden. Namnet blir enten "Bachelor i kultur- og samfunnsfag" eller "Bachelor i realfag".

Korleis få tilgang til emne?

Enkeltemnestudent

Dersom du er enkeltemnestudent, kan du ta emne ved ºÚÁϳԹÏÍø utan Ã¥ ha opptak til eit studieprogram. Du har tilgang til ei rekkje emne som kan inngÃ¥ i den faglege fordjupinga eller støttegruppa i ein fritt samansett bachelorgrad.

Merk at nokre emne berre er tilgjengelege for studentar som er tekne opp på bestemte studieprogram. Desse kan du ikkje melde deg til som enkeltemnestudent.

Merk også at programstudentar får melde seg til emna først. Emna kan raskt bli fulle når enkeltemnestudentar tek til å melde seg, så du er ikkje garantert plass.

Slik foregår opptak til enkeltemne.

Programstudent på eit bachelorprogram

Dersom du gÃ¥r pÃ¥ eit bachelorprogram, kan du ofte velje andre emne enn dei som inngÃ¥r i programmet ditt. Desse emna kan du bruke til Ã¥ setje saman den faglege fordjupinga eller støttegruppa i ein fritt samansett bachelorgrad. 

Merk at nokre emne er tilgjengelege berre for studentar pÃ¥ visse studieprogram. Les derfor emnegruppeomtalane nøye før du tek til pÃ¥ eit fritt samansett studieløp.

Programstudent på eit årsstudium

Dersom du gÃ¥r pÃ¥ eit Ã¥rsstudium, kan du halde fram som enkeltemnestudent, jf. ovanfor. Du kan utvide Ã¥rseinga til ei fagleg fordjuping eller bruke Ã¥rsstudiet som støttegruppe i ein fritt samansett bachelorgrad.

Merk at nokre emne er tilgjengelege berre for studentar pÃ¥ visse studieprogram. Les derfor emnegruppeomtalane nøye før du tek til pÃ¥ eit fritt samansett studieløp.

Du må søke

Har du allereie ei utdanning på minst tre år som tilfredsstiller krava? Då kan du søke om å få godkjent den som ein fritt samansett bachelorgrad og få vitnemål.

Les meir om kva graden må innehalde, vitnemål og korleis du kan søke

 

³§±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô?

Planlegg du å bygge ein fritt samansett bachelorgrad sjølv? Treng du hjelp til å planlegge studieløpet ditt? Kontakt fakultetet som er ansvarleg for den faglege fordjupinga du ønsker å ha med i bachelorgraden.

Publisert 3. okt. 2022 13:56 - Sist endra 21. des. 2022 12:02